Fagmiljøet i kroppsøving og idrett

I fagmiljøet i kroppsøving og idrett har vi brei kompetanse innafor fleire områder. Sentrale tema vi underviser i og forskar på er mellom anna:

  • Natur og uteområder som læringsarenaer
  • Å skape ein meir praktisk og aktiv skolekvardag
  • Pedagogiske og didaktiske perspektiv i kroppsøving i skolen og innanfor kropp, rørsle, mat og helse i barnehagen
  • Samanheng mellom fysisk aktivitet/trening og fysisk og psykisk helse, samt prestasjon hos ulike grupper (elevar, vaksne, eldre, pasientar og idrettsutøvarar)
Biletet viser profilbileter av dei tilsette i fagmiljøet i kroppsøving og idrett, i rekkjefølgja som står i biletteskten.

Fagmiljøet i kroppsøving og idrett. Øverst frå venstre: Steffen Tangen, Birgitte Nordahl Husebye, Ole Sveen. Nederst frå venstre: Harald Oseland, Alexander Olsen, Anders Farholm.

Kontaktperson

Ta gjerne kontakt med fagmiljøkoordinator Anders Farholm, dersom du er interessert i noko av kompetansen vi har, men er usikker på kven du skal kontakte. 

Fagområder vi har spesialkompetanse innanfor

Vi er åpne for å bidra inn i samarbeid og prosjekt med aktørar utanfor HiØ eller bidra med formidling av forskningsbasert kunnskap innanfor ei rekkje tema:

  • Praktisk og fysisk aktiv læring: Didaktisk verktøy, implementering, barrierar, samt faktorar som fremjar ein meir aktiv skolekvardag.
  • Risikolek blant småbarn
  • Bruk av naturen som læringsarena i barnehage og skole
  • Motivasjon for fysisk aktivitet og trening
  • Samanhengen mellom fysisk aktivitet og psykisk og fysisk helse
  • Coaching og veiledning inn mot idrettsutøvarar – fra barneidrett til toppidrett
  • Ulike undervisningsmodellar inn i kroppsøving og særlig ‘Interessebasert kroppsøving’
  • Testing av fysisk form og korleis leggje opp trening for å sikre progresjon og framgang
  • Ulike kjenneteikn på kva som blir opplevd som meiningsfull undervisning blant elevar og studentar
  • ‘HiØ-modellen’ – et planleggingsverktøy for eit heilskapleg kroppsøvingsfag
  • Fysisk aktivitet, glede med rørsle og forholdet til eigen kropp inn mot folkehelse og livsmeistring i skolen og livsmeistring og helse i barnehagen
  • Vi har også kunnskap og kompetanse til å bidra inn i arbeidet med ambisjonen om å skape ‘ein meir praktisk skole og betre læring, motivasjon og trivsel på 5.-10. trinn’ som blir presentert i Stortingsmelding 34 (2023 – 2024)

Forskingsgrupper, nettverk og forskingsprosjekt

De ansatte i fagmiljøet er med i fleire forskingsgrupper på HiØ, jobbar med ulike forskingsprosjekt og er involvert i fleire søknadar om forskingsmiddel. I tillegg er vi sentrale bidragsytarar inn i Idrettsmedisinsk testlaboratorium (IMTL), som er eit samarbeid mellom HiØ og Olympiatoppen.

Forskingsgrupper de fagtilsette er involvert i:

  • Aktivitetsmedisin: Målsettinga til denne gruppa er å utforske korleis fysisk aktivitet samvarierer med ulike variablar for helse, og korleis fysisk aktivitet kan brukast som førebyggande og behandlande medisin for ulike grupper
  • AI Nettverk - KI i kroppsøving og idrettscoaching: gruppa er dedikert til å forske på korleis kunstig intelligens og digital teknologi kan forbetre coaching- og undervisningspraksis på ulike nivå – frå barneidrett til profesjonell idrett, treningssentre, rehabilitering og kroppsøvingsfaget
  • Profesjonsutvikling i eit didaktisk perspektiv: Forskingsgruppa sitt hovudmål er å bidra til forsking og utvikling av lærerprofesjonen innanfor ulike fagdisipliner. Det er også eit mål at forskingsgruppa skal være utadvendt der prosjekt og aktivitetar til forskingsgruppa blir synleggjord. Forskingsgruppa vil inkludere tverrfaglege prosjekt fra ulike fag og fakultet.

Pågåande forskingsprosjekt:

  • Tre ulike prosjekt som handlar om aktiv skole: 1) pilottesting og implementering av ein meir fysisk aktiv skolekvardag på sju ulike skolar i Fredrikstad kommune, 2) Effekten av ‘røre pauser’ i vidaregående skole, 3) ‘Rørande møter’ – bruken av idrettsutøvere inn i FYSAK timer på barneskolen
  • Undervisninga i friluftsliv si rolle som arena for meistring, samarbeid og samhold i grunnskolelærarutdanninga
  • Tilpassa trening si rolle i recovery-arbeidet blant personar som har hatt utfordringar med rus og dårleg mental helse
  • Active living - Risky play in early childhood education in the Netherlands – samarbeid med førsteamanuensis Hidde Bekhuis og førsteamanuensis Femke van Abswoude fra Radbound Universitet i Nederland
  • Toddlers risk compentence – samarbeid med PhD-student Helena Sienaert ved Ghent Universitet i Belgia
  • Kapittel i antologi innafor natur, helse og rørsle i barnehagen. Samarbeid med førstelektor Cato Tandberg ved Universitetet i innlandet.

Søknader om forskningsprosjekter som vi tar del i:

  • Teacher education panel study (TEPS): TEPS er eit pågåande prosjekt som skal etablere ein infrastruktur for forsking for lærarutdanninga i Norge. Hovedformål med infrastrukturen er å fungere som ei database for forsking av høg kvalitet på lærarutdanninga. Samtidig kan infrastrukturen også gje eit solid kunnskapsgrunnlag for kvalitetsikring og forbetring av lærarutdanninga
  • Supporting Youth Coaching with AI: Enhancing Collaborative Learning and Young Players Engagement in Sports (SYHTC – AI)

Tilsette i fagmiljøet

Fagmiljøet består av seks tilsette:

Publisert 16. nov. 2025 20:02 - Sist endret 4. mai 2026 08:34